< Gå tilbake

Elvepadling

Vinjerock 2024

950,00
NOK

Tidspunkt: - Velg nedenfor -

Torsdag 17:00 - 20:00
Fredag 10:00 - 13:00
Fredag 15:00 - 18:00
Laurdag 10:00 - 13:00
-
1
+

Elvepadling
Klar for det aller heftigaste kurset på Vinjerock? Kurset startar med ei økt om utstyr, sikkerheit og rutinar for ein elvepadlar. Så får alle kvar sin båt med komplett utstyr og det vert ei teknikkøkt på flatt vatn. Som ei grande finale tek vi med kajakkane opp i Mjølkedøla, og den som føler seg klar for det kan få padle sitt fyrste elvestryk under stødig oppsyn av instruktørane.

Med andre ord har du her ei ypperleg moglegheit til å finne ut om elvepadling kan passe for deg. Men hugs: Du vert garantert blaut.

Lån av kajakkar og anna padleutstyr er inkludert.

Kurset er i regi av Jørn, Eivind og Malcom.

Gradering: Blå 
Plassar: 6 plassar per kurs
Pris: 950,-
Tidspunkt: 

  • Torsdag 17:00-20:00
  • Fredag 10:00-13:00
  • Fredag 15:00-18:00
  • Laurdag 10:00-13:00

Utstyr:

  • Ullundertøy
  • Sko som tåler å bli blaute
  • Handkle
  • Varmt skift

Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass"