< Gå tilbake

Gravafjellet

Vinjerock 2024

350,00
NOK

Tidspunkt: - Velg nedenfor -

Laurdag 14:00
-
1
+

Bli med DNT ung på tur til Gravafjellet! Gravafjellet kan ein sjå frå festivalområdet og er ein kort/mellomlangtur for dei som ønskjer ein utsiktstur og eit lite avbrekk før festlegheitane denne laurdagen! Turen går nordover frå Eidsbugarden og føl stien langs Bygdin heilt til ein tek av opp mot Gravatjernet. Ein føl stien oppover med ein noko bratt stigning før ein ved toppen tek av stien og går siste biten utanfor sti. Ein nydeleg utsiktstur der ein på toppen ser utover Bygdin og festivalområdet samt nordover mot Olavsbu.

 

Turen inneheld ingen eksponerte parti, og det einaste partiet som kan kjennast luftig er sjølve toppen. Deler av turen går utanfor sti og ulendt terreng, og det kan derfor vere lurt å ha på gode og solide sko.

Turen er i regi av DNT ung

Gradering: Grøn

Antal plassar: 12

Pris: 350,-

Tidspunkt:

  • laurdag: 14:00-16:00

Utstyr:

  • stor og god matpakke

  • stor vannflaske

  • gode sko

  • varme klede

  • solbriller og solkrem

 

Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass"  15 minutt før avgang.