< Gå tilbake

Kajakkurs

Vinjerock 2024

900,00
NOK

Tidspunkt: - Velg nedenfor -

Torsdag 12:00 - 15:00
Torsdag 15:30 - 18:30
Fredag 10:00 - 13:00
Laurdag 10:00 - 13:00
-
1
+

Kunne du tenkje deg å padle kajakk på høgfjellet? Her får du høve til det - på sjølvaste Bygdin! Dette er eit introduksjonskurs i havkajakk etter Norges padleforbund sin mal, med godkjende instruktørar.

På kurset vil du mellom anna bli kjend med havkajakken og anna utstyr som høyrer med. I tillegg får du padla og lært enkle padleteknikkar, til slutt på ein velte kajakken - det er valfritt, men eit krav for å få godkjent kurs. Etter fullført kurs får du våtkort med oblat for introkurs havpadling.

Gradering: Grøn

Antal plassar: 10

Pris: 900,-

Tidspunkt:

  • torsdag: 12:00-15:00

  • torsdag: 15:30-18:30

  • fredag: 10:00-13:00

  • laurdag: 10:00-13:00

Utstyr:

  • Ullundertøy innerst på kroppen 

  • Hue, vottar, buff/skjerf

  • Vindtette ytterklær 

  • Tørt skift til alle plagg - hugs tørre sko. Ved velt blir heile du blaut, men du kan fint padle i tjukke sokkar eller sandalar. 

  • Handkle

  • Noko lett å spise, varm og kald drikke 

  • Solkrem og solbriller (me satsar på varmt sommerver) 

Det vil ikkje bli lånt ut våt/tørrdrakter.

Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass"  ti minutt før avgang.

Kurset er i regi av DNT ung