< Gå tilbake

Luftetur til Rustegge 1500 moh.

Vinjerock 2024

350,00
NOK

Tidspunkt: - Velg nedenfor -

Fredag 10:00-15:00
-
1
+

Luftetur til Rustegge 1500 moh. (fredag)

Bli med oss på ein luftig tur til Rustegge, nordvest for Fondsbu. Turen startar ved DNTs turinfo og går fyrst på hytteveg før me går over på DNT-merka sti i retning Skogadalsbøen. Ved stikrysset i nærleiken av Rusteggvatnet finn me beste veg i nordleg retning oppover mot toppen. Me nyt ei god matpakke med slåande utsikt før me bevege oss attende til festivallivet på Eidsbugarden. 

Turen inneheld ingen eksponerte partiar, men den siste biten opp mot Rustegge kan kjennes noko luftig. Delar tå turen får i ur og ulendt terreng og me må rekne me å passere nokon snøfonner på veg mot toppen. Det er lurt med gode og solide sko. 

Turen til Rustegge er beregna til ca. 5 timar med ganghastigheit på 3 km/t. Tidsbruk vil sjølvsagt avhenge av vær- og gruppeforhold. Gje beskjed til turleiar(ar) om du har behov for tilpasninger på turen.

Gradering: Blå

Antal plassar: 12

Pris: 350,-

Tidspunkt:

  • fredag: 10:00-15:00

Utstyr:

  • Stor og god matpakke

  • Stor flaske med vatn

  • Gode sko

  • Varme klede (vind- og vanntett skalljakke, lue, votter, buff, ullundertøy, ullsokker)

  • Sitteunderlag

  • Solbriller og solkrem

Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass" 15 minutter før avgang.

Turen er i regi av DNT ung