< Gå tilbake

Snøggtur i lyngen, for skeive

Vinjerock 2024

150,00
NOK

Type: - Velg nedenfor -

Skeiv snøggtur, dame
Skeiv snøggtur, herre
-
1
+

Singel og glad i fjell og festival? Då hadde vel ingenting vore betre enn å finne kjærleiken på fjellet under Vinjerock? Me ønskjer å sjå flørt i fjellet og håpar det vil oppstå søt musikk når me tek den gode stemninga på singelturene! Bli med oss å finn kjærleiken medan to turleiarar visar veg og inspirerar til god stemning.

DNT ung inviterar til lavterskel snøggprat i lyngen før me slår følgje i Vinjepride-toget opp til Reinsdyret kl. 11.30. Kanskje du får deg ein ny ven? Eller møter din framtidige utkåra? Kjærleik er for alle, så her er alle kjønn og legningar velkomne.

Frisk gjerne opp på fjellsjekkereglene før turen:

1. Legg gjerne ut på sjekking på fjellet utan trening. Øving gjer meister!

2. Meld frå kvar du går, slik at ein kan møtast igjen.

3. Vis respekt for andre si farge på hua. Grønn hue tyder ledig, rau hue tyder oppteken og oransje tyder at ein kanskje er opa for kontakt.

4. Bli vêrfast – og få ein ekstra dag til å finne din utvalte.

5. Ta alltid med rikeleg tursnacks som kan delast. Vegen til hjartet går ofte gjennom magen.

6. Lytt til erfarne fjellsjekkarar.

7. Hugs kart og kompass, slik at du kan spørje om hjelp til å bruke det.

8. Ikkje gå ålene, spør om de skal slå følgje.

9. Vend i tide, det er ingen skam å springe etter for å spør om telefonnummeret.

10. Ikkje spar på smila og le av dårlege vitsar om nøysamt.

Gradering: grøn (sjølvsagt!)

Antal plassar: 30

Pris: 150,-

Tidspunkt:

  • fredag: 10:30-Vinjepride

Utstyr:

  • Grøn hue

  • Glimt i auget

  • Tursnack til deling

Oppmøte:  Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass". Vi slenger oss på Vinjepride når toget går forbi.