Merk at om uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.
Det er mogleg å overdra ei påmelding til ein annan person, men då må du samstundes varsle oss om dette på e-post (jenny.daling@vinjerock.no) og oppgje namnet på den som skal nytte seg av billetten.
Bussbillettar, turar, kurs og Lavvotell kan kun tingast og nyttast av personar med gyldig festivalpass til Vinjerock.
Alle turar og kurs på Vinjerock er gradert i henhald til nasjonal standard. Set deg grundig inn i dei ulike graderingane før du melder deg på turar.
Gradering av turar og kurs:
Grøn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr.
Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.
Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning.
Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc.