< Gå tilbake

Topptur til Langeskavltinden

Vinjerock 2024

500,00
NOK

Tidspunkt: - Velg nedenfor -

Fredag 09:00 - 18:00
-
1
+

Topptur til Langeskvaltinden 2014 moh. (fredag)

Eit flott utkikkspunkt som gjev ein majestetisk utsikt mot store delar av Jotunheimen, det er ein lang og seig tur om ein føl den ca 5 km lange Langeskavlen på veg mot sjølve tinden. Totalt 11 km fra Eidsbugarden og 10 km fra Tyinholmen.

Frå Eidsbugarden blir det å ta av frå stien vest for Sløtatjernet og gå opp i skaret vest for pkt. 1483, og deretter nordvestover og opp ryggen forbi pkt. 1740 og vidare innover frå der ruten frå Tyinholmen kjem inn. Ved dette krysset tek ein av rett nordover og går opp Rusteggen, der føl ein ryggen opp mot Langeskavlen og pkt. 1814, deretter nord vestover opp ryggen mot sjølve tinden.

 

Dette er ein lang og krevjande tur som forutsetr tidlegare erfaring med å gå lengre turar i fjellet. Turen er berega til ca. 8-9 timar med ganghastigheit på 3 km/t. Tida det tek vil sjølvsagt kome an på vêret og gruppa. Gjei beskjed til turledar(ar) om du har behov for spesielle tilpasningar på turen.

Turen er i regi av DNT ung

Gradering: Svart

Antal plassar: 14

Pris: 350,-

Tidspunkt:

  • fredag: 09:00-18:00

Utstyr:

  • Stor og god matpakke

  • Stor flaske med vatn

  • Gode sko

  • Varme klede (vind- og vanntett skalljakke, lue, votter, buff, ullundertøy, ullsokker)

  • Sitteunderlag

  • Solbriller og solkrem

 

Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass" 15 minutter før avgang.